Vi har travle dagar og fulle lister og vil tilby den rette medarbeidar fast stilling som frisør. Vi håpar du er energisk og brenner for faget. Har du i tillegg ei genuin interesse for hårmote og skjegg, og elskar å skape den gode kundeopplevinga, då er du perfekt for oss!
Her er noko av det vi ser etter:
- Fagbrev i frisørfag
- Kreativ
- Utadvent
- Blid og serviceinnstilt
- Interesse i faget og trendar
- Trives med ein hektisk kvardag
- Ønskjer å lære barbering
Om Grow Frisør og Barber som arbeidsplass:
Vi er ein liten salong på Sørsida i Førde med tre frisørar. Sidan oppstart i 2018 har vi opplevd ein stadig aukande etterspørsel etter behandling ved vår salong. Vi prøvar alltid å yte det vesle ekstra og gjere oss flid med arbeidet. Vi har også prøvd å skape ei lun atmosfære i salongen med håp om at kundane kjem igjen gong etter gong.
Vi har mykje spennande i vente. Vi skal flytte over i splitter nye lokaler i det nye bygget Elvenkanten i Førde frå februar 2023. Der vil det bli eit større miljø med blandt anna Astrid hudpleie og andre velværebedrifter.
Kva vi kan tilby deg:
- Godt milljø med dyktige kollegaer
- Faglig og personleg utvikling
- Ein inspirerande arbeidsplass
- Kurs/messer etc. for å halde oss oppdatert innan trendar
- Gode arbeidstider med rom for tilpassing
- Konkuransedyktig lønn og provisjon
- Pensjonsordning over snittet for bransjen
Vi kan tilby stilling frå 50 – 100% etter nærmare avtale.
Ta kontakt på post@growfb.no eller ring Monica på telefon 476 01 065 dersom du er interessert.