Vi søker frisør/barberar


Vi har travle dagar og fulle lister og vil tilby den rette medarbeidar fast stilling som frisør. Vi håpar du er energisk og brenner for faget. Har du i tillegg ei genuin interesse for hårmote og skjegg, og elskar å skape den gode kundeopplevinga, då er du perfekt for oss!

Her er noko av det vi ser etter:

  • Fagbrev i frisørfag
  • Kreativ
  • Utadvent
  • Blid og serviceinnstilt
  • Interesse i faget og trendar
  • Trives med ein hektisk kvardag
  • Ønskjer å lære barbering

Om Grow Frisør og Barber som arbeidsplass:

Vi er ein liten salong på Sørsida i Førde med to frisørar. Sidan oppstart i 2018 har vi opplevd ein stadig aukande etterspørsel etter behandling ved vår salong. Vi prøvar alltid å yte det vesle ekstra og gjere oss flid med arbeidet. Vi har også prøvd å skape ei lun atmosfære i salongen med håp om at kundane kjem igjen gong etter gong.

Vi har mykje spennande i vente. Vi har nett flytta inn i nye lokaler for å få litt betre plass, og i slutten av 2023 skal vi flytte nok ein gong over i det nye bygget Elvenkanten i Førde.

Kva vi kan tilby deg:

  • Godt milljø med dyktige kollegaer
  • Faglig og personleg utvikling
  • Ein inspirerande arbeidsplass
  • Kurs/messer etc. for å halde oss oppdatert innan trendar
  • Gode arbeidstider med rom for tilpassing
  • Konkuransedyktig lønn og provisjon
  • Pensjonsordning over snittet for bransjen

Vi kan tilby stilling frå 50 – 100% etter nærmare avtale.

Ta kontakt på post@growfb.no eller ring Monica på telefon 476 01 065 dersom du er interessert.